
Selskap
Ulvik Hotel innbyr til hyggelege selskap ifrå dei heilt små til dei store. Me har heimekoselege lokalar som passar til alle typar selskap. Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjonar, og dette er ein viktig del av opplevelsen på Ulvik Hotel.
Hardanger og Ulvik er nasjonalromantikkens høgborg, og er perfekt ramme for alle slags feiringar. Her har me alle fasilitetar, både for dei som ynskjer eit storslagent selskap med mange gjester, eller ein intim og romantisk middag med dei næraste.
Kontakt oss for samtale, visning og meir informasjon. booking@brakanes.no
ØVRIGE SERVERINGSTILBOD:
Uteservering på Fjordterrassen er ope i sommermånadene.

